Soga

Soga om SØK

Boka var gratis for alle aksjonærar i SØK og vart gitt ut i 2021.


Skånevik Ølen Kraftlag SA vart skipa i 1979 då kraftlaga i Skånevik og Ølen slo seg saman, men forteljinga om kraftutbygging og elektrisitetsforsyning i bygdene våre starta mange ti-år før det. I 2017 vart SØK ein del av Haugaland Kraft, og dermed var
arbeidsdagen over for SØK som operatør og straumforsynar i SØK sitt konsesjonsområde.

I samband med omdanninga tok styret initiativ til å få nedteikna soga både om SØK og om arbeidet med kraftforsyning i SØK-området frå tidleg i førre hundreår. Sjur Tjelmeland har ført boka i pennen på ein framifrå måte og gir oss ei forteljing om framsynte personar, uredde initiativ og stor gjennomføringskraft. Me får også innblikk i trange økonomiske kår, store naturgitte utfordringar og litt nabostrid.