Om oss

Om SØK AS

Selskapet si verksemd er å eiga aksjar i Haugaland Kraft AS. Aksjane skriv seg frå integreringa mellom Haugaland Kraft AS og Skånevik Ølen Kraftlag SA i 2017.
Skånevik Ølen Kraftlag AS eig 4,21 % i Haugaland Kraft AS.

I omdanningsprosessen blei det vist til at SØK skal nytta eigarskapet i HK AS til å:

1.  Bidra til sikker og moderne forsyning av energi i konsesjonsområdet til SØK AS per 1.1.17.

2.  Bidra til breibandutbygging i konsesjonsområdet

3. Leggja til rette for bygde- og næringsutvikling i konsesjonsområdet til SØK AS per 1.1.17.

4. Støtta samfunnsnyttige tiltak og aktivitetar til beste for innbyggjarane  i konsesjonsområdet til SØK AS per 1.1.17.

Rammer for ressursbruk i SØK AS - selskapsføremål, jfr. § 3 i vedtektene

«Selskapets føremål er å eiga aksjar i Haugaland Kraft AS for å bidra til sikker og moderne forsyning av energi og breibandstenester i Skånevik Ølen Kraftlag SA sitt konsesjonsområde per 1. januar 2017 (seinare omtalt som "konsesjonsområdet").»
 «Selskapet kan i tillegg driva, delta i eller samarbeida med andre selskap om bygde- og næringsutvikling og andre aktivitetar med forretningsmessig tilknyting til konsesjonsområdet.»     
 «Selskapet kan i tillegg ta del i eller støtta samfunnsnyttige tiltak og aktivitetar, samt fremja allmennyttige føremål til beste for innbyggjarane i konsesjonsområdet.»

Det er utarbeidd styreinstruks som regulerer styret sine arbeidsoppgåver mm. Styreleiaren har eit særleg ansvar for å sikra at styret fungerer tilfredsstillande, og at styreoppgåvene blir ivaretekne på ein best mogleg måte.

Styreleiaren har ansvaret for at det årleg, rundt årsskiftet og i god tid før Generalforsamling,  blir gjennomført ein grundig vurdering av SØK sin aktivitet.

Styret i SØK AS

Gunnar Dalen - styreleiar
Hjørdis Ellen Sævareid - nestleiar
Paul Andreas Tungesvik - styremedlem
Tor Magnar Kambe - styremedlem
Torunn Hadland Susort - styremedlem
Lars Lundal - varamedlem (fast møtande)
Anne Skartland  - varamedlem

 

Konsesjonsområdet per 1.1.17. bestod av: 
Bjoa, Skånevik, Vikebygd, Ølen, Ølensvåg og Åkrafjorden