Aksjar

Aksjar i Skånevik Ølen Kraftlag AS

Til aksjonærar som ynskjer å overdra/ selja aksjar i SØK AS

Aksjane i SØK AS kan omsetjast ved sal, dei kan bli gitt bort som gåve eller arv mm. Vedtektene i SØK AS set visse krav til omsetjing av SØK-aksjar, så aksjane er ikkje fritt omsetjelege. Dersom ein privatperson skal erverva aksjar, må vedkommande vera busett innanfor SØK sitt konsesjonsområde per 1.1.17. Er ervervaren eit føretak, må føretaket si registrerte forretningsadresse vera innanfor konsesjonsområde. I tillegg må ei kvar overføring av aksjar godkjennast av styret slik aksjelova krev.

Aksjane i SØK AS er registert i VPS, og det er DNB som er SØK AS sin kontoførar. Dersom nokon ynskjer å overdra aksjar, vil følgjande framgangsmåte gjelda:

  • Aksjonær som vil selja eller overdra aksjar, må kontakta DNB (SØK AS sin kontoførar) skriftleg om overføringa. Melding om overdraging må innehalda:
    • Aksjonæren sitt namn
    • Aksjonæren sin VPS konto
    • Tal aksjar og kurs/ verdi på aksjane
    • Ervervar sitt namn og VPS konto
  • DNB vil senda melding om aksjeoverdraginga til styret i SØK AS
  • Dersom styret avslår overdraginga, vil aksjonæren få melding om dette og overdraginga kan då ikkje gjennomførast.
  • Dersom styret i SØK AS godkjenner overdraginga, vil styret gi melding til DNB.
  • DNB tar kontakt med den banken som er aksjonæren sin kontoførar, og sender melding om overdraginga til dei.
  • DNB vil deretter opna SØK AS si aksjebok, og overføra dei aktuelle til ervervar. Når overføringa er gjennomført vil systemet igjen bli lukka for omsetjing.
  • Både tidlegare og ny aksjonær vil i etterkant få melding frå VPS om overføringa. 

Adresse:
DNB Bank ASA
Verdipapirservice
Postboks 1600 Sentrum
0021 OSLO
Epostkua@dnb.no
Telefon: 23 26 80 21