Valnemnd

Instruks for valnemnda i Skånevik Ølen Kraftlag AS

Fastsett av Generalforsamlinga i SØK AS den 13.6.2017. Revidert den 30.08.21

 

1. Styret
Selskapet skal ha eit styre av 5 medlemmer og 2 varamedlemmer som blir valde av
generalforsamlinga. Aksjelova stiller ikkje krav til kjønnsbalanse i styret i SØK AS, men valnemnda
skal ta slike omsyn.


2. Valnemnd
Selskapet skal ha ei valnemnd jf. § 10 i vedtektene. Valnemnda skal ha 3 medlemmer som skal veljast
av generalforsamlinga med ei tenestetid på tre år.


3. Arbeidsoppgåver:
Valnemnda skal avgi innstilling til Generalforsamlinga om:
a. Fem medlemmer og to varamedlemmer til styret med tenestetid på to år. For å sikra kontinuitet,
kan valnemnda følgja ein metode som inneber at 2 styremedlemmer står på val eit år og 3
styremedlemmer neste år. Varamedlemmer står på val kvart år.

b. Val av styreleiar og nestleiar i styret med tenestetid på eitt år.

c. Tre medlemmer til valnemnda med tenestetid på tre år, og framlegg på leiar med tenestetid på eitt
år. For å sikra kontinuitet i valnemnda, skal berre ein av medlemmene stå på val kvart år –
normalt den som har hatt 3 års tenestetid.

d. Leggja fram innstilling til honorar for medlemmer av styret.


4. Arbeidsprosess:
a. Seinast åtte veker før årsmøtet får leiaren av valnemnda tilsendt frå styret:
 - Liste over kven som står på val.
 - Tilgang til liste over eigarar.
 - Dato for Generalforsamling
 - Instruks for valnemnd.
 - «NUES anbefaling m/kommentarer om eierstyring og selskapsledelse»: Om
 Valgkomite og Om styret, sammensetning og uavhengighet.

 b
. Leiaren kallar saman valnemnda, og har ansvaret for at valnemnda si innstilling er ferdig 21 dagar
før Generalforsamlinga.

c. Valnemnda sitt framlegg skal vera vedlegg til innkallinga til Generalforsamlinga og gjerast
tilgjengeleg på selskapet si heimeside, jf. § 8 i vedtektene.

d. Det skal førast eigen møteprotokoll frå valnemnda sine arbeidsmøte.

e
. Valnemnda skal ha tilgang på sekretærhjelp frå SØK AS


5. Eit kompetent, velfungerande og representativt styre i SØK AS
Valnemnda skal leggja til rette for at selskapet kan velja eit styre som er kompetent og velfungerande,
og som representerer alle eigarar og eigarinteresser på ein god måte. Valnemnda har eit ansvar for å
sikra fornying og rekruttering til styret, og balansera dette omsynet med behovet for å sikra ønskjeleg
kontinuitet. Ved attval skal ein opplysa om kandidaten si tenestetid som tillitsvald i SØK AS. Når
valnemnda finn det naudsynt, kan valnemnda innkalla styreleiar og styremedlemmer til samtalar om
arbeidet i styret. I samsvar med styreinstruksen skal styret årleg gjera ei vurdering av styrearbeidet, for
å sjå til at styret fungerer både individuelt og som gruppe. Valnemnda kan også be om å få innsyn i
denne eigenvurderinga. 


Eventuelle innspel/forslag til valnemnda kan rettast til post@sok.no