SPØRSMÅL:
Eg har ikkje blitt tildelt aksjar, og lurer på om dette kan stemme. Kva gjer eg for å få sjekke dette?
SVAR:
SØK kan gjera eit forsøk på å sjekke opp i historikk og arkiv, men ber om at du sender over følgjande informasjon til post@sok.no:
- Fullt navn på SØK-abonnenent per 31.12.2016
- Kundenummer/abonnementsnr
- Målarnr/ID
- Adresse
- Eiendomsnummer - Gard/Bruksnummer
- Eventuelt fakturakopi fra perioden 2012-2016 dersom dette er mogleg
SPØRSMÅL:
Kva var den skattemessige verdien på SØK-aksjene per 31.12.2019?
SVAR:
Den korrigerte skattemessige verdien av SØK-aksjen per 31.12.2019 er 1,26391 kr per aksje.
SPØRSMÅL:
Kvar kan eg registrere meg som interessert i kjøp av SØK-aksjar?
SVAR:
Då kan du sende navn, telefonnummer og/eller e-post til post@sok.no, så vil din kontaktinformasjon ligga tilgjengelig her:
https://www.sok.no/aksjar/kj%C3%B8p-sal-av-aksjar
Gjer oppmerksom på at alle avtalar om kjøp og salg vert foretatt mellom kjøpar og selgar. Men deretter skal transaksjonen/salsskjema godkjennast i SØK-styret.