Vedtekter for Skånevik Ølen Kraftlag AS
(Vedtatt
30. august 2021)
§
1 – Foretaksnamn
Selskapets namn er Skånevik
Ølen Kraftlag AS.
§
2 – Forretningskontor
Selskapets
forretningskontor er i Vindafjord kommune. Generalforsamlinga skal haldast i Skånevik eller Ølen annakvart år.
§
3 – Føremål
Selskapets føremål
er å forvalta aksjar i Haugaland Kraft AS til beste for aksjonærane..
§
4 – Aksjekapital
Aksjekapitalen er
kr 24 362 362,80 fordelt på 243 623 628 aksjar, kvar pålydande kr 0,10. Aksjane
kan ikkje pantsetjast.
Selskapets aksjar
skal vera registrert i eit verdipapirregister..
§
5 – Styre
Selskapets skal ha
eit styre av 5 medlemmer og 2 varamedlemmer som blir valde av
generalforsamlinga. Styremedlemmene og
varamedlemmene vert valde for to år.
Generalforsamlinga vel styrets leiar og nestleiar for eitt år om gongen.
§
6 – Signatur
Selskapets firma vert
teikna av styrets leiar i fellesskap med ein styremedlem. Styret kan gi prokura.
§
7 - Omsetning av aksjar
Erverv av aksjar
skal godkjennast av styret i samsvar med aksjelova §§ 4-16 og 4-17. Samtykke
kan berre nektast dersom det ligg føre sakleg grunn.
Aksjelova sine
regler om forkjøpsrett (§§ 4-19 til 4-23) gjeld ikkje ved eigarskifte av aksjar
i selskapet.
Eigarar i SØK AS
har ikkje høve til å erverva SØK-aksjar viss dei eig meir enn 10 %, eller vert
eigar av meir enn 10 % av selskapet, utan at det ligg føre skriftleg
godkjenning frå Haugaland Kraft og Haugaland Kraft sine eigarar.
§
8 – Generalforsamlinga
Innkalling til
generalforsamling skal vera sendt seinast åtte dagar før møtet skal haldast.
Dokument som gjeld
saker som skal opp på selskapets generalforsamling, herunder dokument som etter
lov skal takast inn i eller leggjast ved innkallinga til generalforsamlinga,
treng ikkje sendast til aksjeeigarane viss dokumenta er tilgjengelege på
selskapet si heimeside. Ein aksjeeigar kan likevel krevja å få tilsendt
dokumenta som gjeld saker som skal opp på generalforsamlinga.
Ordinær
generalforsamling skal haldast kvart år innan utgangen av juni månad. På den
ordinære generalforsamlinga skal følgjande spørsmål takast opp og avgjerast:
-
Godkjenning
av årsrekneskapen og årsmeldinga, herunder utdeling av utbytte.
-
Val av
medlemmer og varamedlemmer til styret.
-
Andre
saker som etter lova eller vedtektene høyrer inn under generalforsamlinga.
§
9 – Stemmerett på generalforsamlinga
På
generalforsamlinga har kvar aksje ei stemme, og aksjelova sine reglar om fleirtalskrav,
fullmektig og fullmakt gjeld.
§
10 - Valkomité
Selskapet skal ha
ein valkomité. Valkomiteen skal ha 3 medlemmer som skal veljast av
generalforsamlinga med ei tenestetid på tre år.
Valkomiteen si
oppgåve er å avgi innstilling til generalforsamlinga om val av medlemmer og
varamedlemmer til styret, herunder styrets leiar og nestleiar, medlemmer til
valkomiteen og honorar til medlemmer og varamedlemmer av styret.
Generalforsamlinga
skal vedta instruks for valkomiteen. Generalforsamlinga fastset honorar til
valkomiteens medlemmer etter forslag frå styret.
§
11 – Oppløysing
Vedtak om
oppløysing krev tilslutning frå ¾ av stemmene på generalforsamlinga. Ved sal av
aksjar selskapet har erverva i Haugaland Kraft AS, skal 20 % av netto
salsoppgjer overførast til SØK-stiftinga
for allmennyttige og liknande føremål. Forslag om oppløysing skal følgja
innkallinga til generalforsamlinga med forslag frå styret om korleis selskapet
sine verdiar skal disponerast..
*
* * * *