Ordinær Generalforsamling 2019

Innkalling til ordinær generalforsamling

Ein innkallar med dette til ordinær generalforsamling i Skånevik Ølen Kraftlag AS den

28. mai kl. 18:00     på Sjøperlo/Ølen Kulturhus i Ølen.

Dørene blir opna for registrering av møtande aksjonærar  frå kl. 17:00.

 

Sakliste:

1.     Opning av generalforsamlinga ved styreleiar, som også refererer kor mange aksjonærar som er registrerte som deltakarar på generalforsamlinga

2.     Val av møteleiar og ein person til å medunderteikna protokollen saman med møteleiar

3.     Godkjenning av innkalling og sakliste

4.     Godkjenning av årsmelding og rekneskap for 2018, herunder disponering av årsresultatet 

5.     Fastsetting av godtgjersle til revisor

6.     Fullmakt til styret 

7.     Val av styre og andre tillitsvalde

8.     Fastsetting av godtgjersle til styret og andre tillitsvalde   

 
Årsmelding og rekneskap for 2018 samt sakliste med forslag til vedtak ligg på SØK si heimeside, og interesserte kan også få desse ved å ta kontakt med Medvind24 Næringshage eller resepsjonen på Skånevik Fjordhotell. 

 

Påmelding til generalforsamlinga innan 16.05.2019 til post@sok.no eller på telefon 40 00 90 95

 

Bjoa, 30. april 2019

Gunnar Dalen
Styreleiar
Skånevik Ølen Kraftlag AS 
 

Innkalling Generalforsamling
Saksliste Generalforsamling
Årsmelding SØK 2018
Årsrekneskap SØK 2018