Søknad

Skånevik Ølen Kraftlag inviterar lag og foreningar til Orienteringsmøte 21.05.19.
Kl. 18-19:30 hos Medvind Næringshage, Ølensvåg

 

Skånevik Ølen Kraftlag har i mange år støtta lag og organisasjonar i det som var kraftlaget sitt konsesjonsområde. Etter omdanninga til AS og dei nye vedtektene er dette framleis eitt av føremåla våre. 

I 2018 vart det delt ut over 1,1 million kroner til lag, foreningar og grendelag i gamle SØK-konsesjonsområdet. Denne praksisen er planlagt vidareført og me vil difor invitera til nytt orienteringsmøte om søknadsprosessar og rapporteringskrav til både bygdeutvikling og ålmennyttige føremål.

Velkommen til møte hos Medvind Næringshage i Ølensvåg den 21. mai kl. 18:00

Me ber om at alle interesserte melder i fra innan 16. mai dersom ein kjem. 
Påmelding HER

Skånevik Ølen Kraftlag AS skal i utgangspunktet ikkje sjølv drifta aktivitet med allmennyttige føremål, men gjennom økonomisk støtte leggja til rette for god aktivitet innan:
• Anlegg og forsamlingshus
• Barne- og ungdomsarbeid inntil 16 år.
• Kulturarv- og sogearbeid

Fordelinga blir administrert av Skånevik Ølen Kraftlag AS.

NY SØKNADSRUNDE HAUSTEN 2019