Retningslinjer for støtte

Retningslinjer for tildeling av økonomisk støtte til lag og organisasjonar

1. Bakgrunn

SØK AS fusjonerte med HK AS 1.9.2017. SØK AS eig 4,21% i HK AS. All operasjonell drift er overført frå SØK AS til HK AS. Inntektene til SØK AS er i hovudsak aksjeutbytte frå HK AS.

Det er vedtatt retningslinjer for investeringar og ressursbruk i SØK AS. Desse vart vedtekne som vedlegg til styreinstruksen av 1.7.2017. 

  • Inntil 25 % til skatt og eigenkapital.
  • Inntil 10 % til drift av selskapet
  • Inntil 20 % til aksjeutbytte
  • Inntil 30 % til bygde- og næringsutvikling
  • Inntil 15 % til allmennyttige føremål.

2. Selskapsføremålet er grunnlaget for retningslinjene 

  • «Selskapets føremål er å eiga aksjar i Haugaland Kraft AS for å bidra til sikker og moderne forsyning av energi og breibandstenester i Skånevik Ølen Kraftlag SA sitt konsesjonsområde per 1. januar 2017 (seinare omtalt som "konsesjonsområdet").»
  • «Selskapet kan i tillegg driva, delta i eller samarbeida med andre selskap om bygde- og næringsutvikling og andre aktivitetar med forretningsmessig tilknyting til konsesjonsområdet.»
  • «Selskapet kan i tillegg ta del i eller støtta samfunnsnyttige tiltak og aktivitetar, samt fremja allmennyttige føremål til beste for innbyggjarane i konsesjonsområdet.»

3. Rammer og reglar for støtte til allmennyttige føremål

3.1. Mål:

SØK AS  skal i utgangspunktet ikkje sjølv drifta aktivitet med allmennyttige føremål, men gjennom økonomisk støtte leggja til rette for god aktivitet for lag, organisasjonar og anlegg / forsamlingshus.  Alle mottakarar skal levera planar for bruken, og rapportera om gjennomføring og om nøkkeltal i rekneskapen inkl. eigeninnsats og eigenkapital.

3.2. Tiltak:

Styret legg opp til at inntil 15 %  av aksjeutbyttet frå HK AS kan nyttast til Allmennyttige føremål i konsesjonsområdet.  Innanfor ramma vil Styret fordela støtte til Allmennyttige føremål etter følgjande fordelingsnøkkel:

  • 40 % kan nyttast som støtte til anlegg og forsamlingshus
  • 40 % kan nyttast som støtte til barne- og ungdomsarbeid
  • 20 % kan nyttast som støtte til kulturarv- og sogelagsarbeid

3.3. Prioritering

Følgjande føremål skal prioriterast ved tildeling av støtte:

  1. Friviljug lags- og organisasjonsarbeid for barn- og ungdom under 16 år.
  2. Drift av forsamlingslokale o.l.
  3. Friviljug sogelags- og anna kulturarvsarbeid

3.4  Gjennomføring

Utdeling av støtte skal skje årleg når inntektene til SØK tillet det.  Søknadsskjema for støtte skal vera tilgjengeleg på SØK si nettside i god tid før den årlege søknadsfristen.  Søknader skal leverast på nettsida, og søkjarane skal leggja ved følgjande dokumentasjon:

  • Aktiviteten i laget siste kalendår
  • Rekneskap og årsmelding for siste kalenderår
  • Annan relevant informasjon

Ved handsaming av søknadane skal det nyttast følgjande reglar:

  • Grovfordeling til dei ulike føremåla jfr. punkt 3.2.
  • Fordeling til kvart lag / organisasjon med ein lik sum per betalande medlem
    • Til lag med liten aktivitet (mindre enn 6 arrangement i året) kan det gjerast avkorting i støtta med inntil 50% ut frå regelen om lik sum per betalande medlem
  • Fordeling til drift av forsamlingshus etter kapasitet / storleik
  • Fordeling til sogelag / kulturarvsarbeid etter medlemstal og aktivitetsplan
  • Til søkjarar som ikkje oppfyller vilkåra om bl.a. å synleggjera støtta, kan det gjerast avkorting i støtta med inntil 50% ut frå reglane ovanfor

3.5. Rapportering

Lag og organisasjonar skal rapportera inn korleis tildelte midlar har vert benytta. www.sok.no/rapport. 
Følgjande dokumentasjon skal leggjast ved: 

  • Liste over betalande medlemmer i laget
  • Synleggjering av støtta frå SØK
  • Annan relevant informasjon

4. Rammer for bygde- og næringsutvikling

Mål:

SØK AS skal i utgangspunktet ikkje sjølv drifta aktivitet innan bygde- og næringsutvikling.  Dette skal gjennomførast i partnarskap med bygde- og grendelag eller andre partnarar i konsesjons-området. 

Tiltak:

Styret legg opp til å nytta følgjande retningslinjer for støtte til Bygde- og næringsutvikling

  • Deler av Utbytet frå HK AS  kan nyttast som støtte til Bygde- og næringsutvikling i konsesjonsområdet, ved årlege tilskot til Grende- og Bygdeutviklingslag eller andre partnarar. 
  • Denne støtta skal dei første tre åra fordelast likt mellom dei to kommunane i konsesjonsområdet, deretter på eit fordelingsgrunnlag som harmonerer meir med eigarbasen i selskapet.
Praktisk informasjon:

SØK AS ønskjer å nytta Bygdelaga / Grendelaga som partnarar for bygde- og næringsutvikling, og det er desse laga som vil få årleg støtte frå SØK. Alle søknader om bygde- og næringsutvikling må difor sendast til Bygdelaga / Grendelaga, som ut frå sine prioriteringar avgjer kva tiltak som skal få støtte i kvar bygd. 

SØK AS kjem til å stilla visse krav til alle partnarar, og Styret legg opp til dialog med desse ein gong i året.  Då skal dei levera planar for bruken, og rapportera om gjennomføring og om nøkkeltal i rekneskapen inkl. eigeninnsats og eigenkapital. 

Sist endra 24.april 2018