Retningslinjer for ressursbruk og investeringar

RETNINGSLINJER FOR INVESTERINGAR OG RESSURSBRUK I SØK AS

Vedtatt som Vedlegg til styreinstruksen 1. juni 2017, revidert 3. sept. 2019
 

1    INNLEIING
1.1    Bakgrunn

Skånevik Ølen Kraftlag AS eig per 31. desember 2018 3,93% av aksjane i Haugaland Kraft AS. Aksjane skriv seg frå integreringa mellom Haugaland Kraft AS og Skånevik Ølen Kraftlag AS i 2017. Det er ingen operasjonell drift i SØK AS.  
Eigarskapet i HK AS

Dette dokumentet er det overordna styringsdokument for ressursforvaltninga i SØK AS og skal danna grunnlaget for korleis styret skal forvalta ressursane i selskapet.   I Omdanningsprosessen er det vist til at SØK skal nytta eigarskapet i HK AS til å:
-    Bidra til sikker og moderne forsyning av energi i konsesjonsområdet
-    Bidra til breibandutbygging i konsesjonsområdet
-    Leggja til rette for bygde- og næringsutvikling i konsesjonsområdet
-    Støtta samfunnsnyttige tiltak og aktivitetar til beste for innbyggjarane i konsesjonsområdet

 

2    RAMMER FOR EIGARSTYRING - SELSKAPSFØREMÅL, JFR. § 3 I VEDTEKTENE
-  Selskapets føremål er å eiga aksjar i Haugaland Kraft AS for å bidra til sikker og moderne forsyning av energi og breibandstenester i Skånevik Ølen Kraftlag SA sitt konsesjonsområde per 1. januar 2017 (seinare omtalt som "konsesjonsområdet").
- Selskapet kan i tillegg driva, delta i eller samarbeida med andre selskap om bygde- og næringsutvikling og andre aktivitetar med forretningsmessig tilknyting til konsesjonsområdet.
- Selskapet kan i tillegg ta del i eller støtta samfunnsnyttige tiltak og aktivitetar, samt fremja allmennyttige føremål til beste for innbyggjarane i konsesjonsområdet.»

 

3    VISJON FOR RESSURSFORVALTNINGA
Styret skal forvalta aksjane i Haugaland Kraft AS på ein god og langsiktig måte. SØK AS skal vera ein motor i lokalsamfunnet, og bidra til vekst og utvikling i bygdene i konsesjonsområdet. 

 

4    RAMMER FOR RESSURSBRUKEN – MÅL OG TILTAK
Hovudinntektene til SØK AS vil bli dei årlege utbyta frå Haugaland Kraft AS.  Utbyta vil truleg variera frå år og til år, og behova vil også variera.  Fordelingsnøkkelen skal derfor vera ein fleksibel modell og rettleiande for dei årlege disponeringane.  Styret legg opp til å nytta følgjande retningslinjer og rammer for bruken av HK-utbytet:
   
-    Drifta av selskapet skal baserast på vedtatt budsjett med grunnlag i faktisk behov og avlagt rekneskap
-    Aksjeutbyttet skal dimensjonerast for minimum å dekka opp aksjonærane sine utlegg til formueskatt og utbytteskatt på SØK-aksjane
-    Inntil 30 %  til Bygde- og næringsutvikling (15% til Fiber og 15% til Grendelag)
-    Inntil 15 %  til Allmennyttige føremål 

4.1     Rammer for aksjeutbyte
Mål:
SØK AS skal i samsvar med reglane i aksjelova gi aksjeutbyte til aksjonærane.   

Tiltak:
Styret legg opp til å nytta følgjande retningslinjer for aksjeutbyte:

-    Aksjeutbyttet skal dimensjonerast for minimum å dekka opp aksjonærane sine utlegg til formueskatt og utbytteskatt på SØK-aksjane

4.2      Rammer for Bygde- og næringsutvikling 
Mål:
SØK AS skal i utgangspunktet ikkje sjølv drifta aktivitet innan bygde- og næringsutvikling.  Dette skal gjennomførast i partnarskap med bygde- og grendelag eller andre partnarar i konsesjons-området.  Alle eksterne mottakarar skal levera planar for bruken, og rapportera om gjennomføring og om nøkkeltal i rekneskapen inkl. eigeninnsats og eigenkapital.

Tiltak:
Styret legg opp til å nytta følgjande retningslinjer for støtte til Bygde- og næringsutvikling

-    Inntil 50 % av avsett ramme til bygdeutvikling kan nyttast som støtte til Bygde- og næringsutvikling i konsesjonsområdet, ved årlege tilskot til Grende- og Bygdeutviklingslag eller andre partnarar.  
-    Denne støtta skal dei første tre åra fordelast likt mellom dei to kommunane i konsesjonsområdet, deretter på eit fordelingsgrunnlag som harmonerer meir med eigarbasen i selskapet.


4.3    Rammer for breibandutbygging – bygde- og næringsutvikling
Mål:
SØK AS skal i utgangspunktet ikkje sjølv drifta aktivitet innan bygde- og næringsutvikling.  Dette skal gjennomførast i samarbeid med Haugaland Kraft Fiber AS, som er vår samarbeidspartnar.   
  
Tiltak:
Styret legg opp til å nytta følgjande retningslinjer til toppfinansiering av breibandutbygging:

-    Inntil 50 %  av avsett ramme til bygde- og næringsutvikling kan nyttast til toppfinansiering (investeringsstøtte) av anleggskostnad ved utbygging av fibernett i konsesjonsområdet, der utbygginga ikkje er kommersielt berekraftig.

4.4     Rammer for allmennyttige føremål
Mål:
SØK AS  skal i utgangspunktet ikkje sjølv drifta aktivitet med allmennyttige føremål, men gjennom økonomisk støtte leggja til rette for god aktivitet for lag, organisasjonar og anlegg / forsamlingshus.  Alle eksterne mottakarar skal levera planar for bruken, og rapportera om gjennomføring og om nøkkeltal i rekneskapen inkl. eigeninnsats og eigenkapital.

Tiltak:
Styret legg opp til at inntil 15 %  av Utbytet frå HK AS kan nyttast til Allmennyttige føremål, og vil av denne ramma nytta følgjande retningslinjer for ressursbruken til Allmennyttige føremål:

-    40 % kan nyttast som støtte til anlegg og forsamlingshus 
-    40 % kan nyttast som støtte til barne- og ungdomsarbeid
-    20 % kan nyttast som støtte til kulturarv- og sogelagsarbeid

 

5    REVISJON AV RETNINGSLINJENE
Styret tek sikte på å revidera desse retningslinjene minst kvart 5. år,  og vil leggja særleg vekt på erfaringar og tilbakemeldingar frå eigarmøte og aktuelle målgrupper.   Det skal haldast kontaktmøte med målgruppene årleg, eller etter behov.