Endra skattemessig verdi av SØK-aksjane per 31.12.2019

Skatteetaten sende tidlegare i september ut melding om nye opplysningar til bruk i skattemeldinga til alle eigarane av SØK-aksjar.

Meldinga gjekk ut på at den skattemessige verdien av SØK-aksjane var endra, samanlikna med den verdien som blei sendt ut i vår og som var førehandsutfylt i Skattemeldinga.

Både Skatteetaten og revisor understrekar at det ikkje er gjort noko feil, verken frå SØK, rekneskapsførar/revisor eller VPS.  Skatteetaten har følgt dei reglane som står i rettleiinga til skattemeldinga (RF – 1030) og Aksjeoppgåva (RF – 1088).   Det som er nytt i år, er at Skatteetaten sender ut automatisk varsel om endring av RF – 1088, og at utsette fristar pga. Covid – 19 medførte at endringsvarselet ikkje kunne koma tidlegare.

I den førehandsutfylte skattemeldinga for 2019 blei skattemessig verdi av SØK per 31/12 2018  lagt til grunn for utrekninga, slik hovudregelen er.  Den endringa skatteetaten har gjort, er å leggja den skattemessige verdien av SØK per 31/12 2019 til grunn for utrekning av formuesverdien på aksjane.  Dette er i tråd med unntaket frå hovudregelen, og gjeld for selskap som har kjøpt eigne aksjar eller har hatt andre kapitalendringar i 2019.   SØK har bl.a. gjennomført nokre få etterutdelingar av aksjar, og det er difor ein liten reduksjon i  talet på eigne aksjar som medfører kapitalendring i selskapet.   Den eksakte skattemessige verdien av SØK-aksjane kunne dermed ikkje fastsetjast før skattemeldinga til SØK var ferdig.  SØK hadde ikkje all naudsynt informasjon frå tredjepart til å levera si skattemelding før seint i august 2020, som var innanfor den utsette fristen pga. Covid - 19. 

Meldinga frå Skatteetaten ber om at skattemeldingar vert retta opp med dei nye verdiane, og at skattemeldinga vert sendt inn på nytt.  Me beklagar det meirarbeidet dette medfører for eigarane våre.

Auka utbytte

SØK har vedtatt i retningslinjene for ressursbruk at selskapet skal betala eit utbytte som minimum dekkar skatten aksjonærane får på utbyttet og formue på SØK-aksjane.  I og med at den varsla endringa frå skatteetaten vil medføra ein auke i formueskatten, kjem SØK til å kompensera for dette   som eit tillegg til ordinært utbyttet neste år.