For kvar grad du senkar temperaturen inne, sparer du ca. fem prosent av kostnadane til oppvarming. Samstundes får du eit betre innemiljø. Hald temperaturen på 19-22 °C.

For ein gjennomsnittsfamilie utgjer oppvarming rundt 60 prosent av energiutgiftene, varmtvatn ca. 15 prosent, lys, matlaging og elektriske apparat rundt 25 prosent.

Ein moderne oppvaskmaskin nyttar mindre energi enn den tradisjonelle handoppvasken.

Skal du laga ein enkel kopp te, nyttar du mindre energi om du brukar vasskokar framføre å koka opp vatn på komfyren.

For kvar 100 kr. straumkundane betaler, går i snitt 60 kr. attende til stat og kommunar som avgifter, skatt og eigarutbytte. Pengane går til å finansiere offentlege gode.

I Noreg nyttar ein gjennomsnittsbustad 2 750 kWh i året til lys. Det er dobbelt så mykje som våre naboland.

I Skånevik Ølen Kraftlag sitt forsyningsområde vart det i 2008 nytta ca. 0,081 TWh elektrisk energi, medan det i Noreg vart nytta totalt 142 TWh.

TWh = terrawattime (1 mrd kWh).

Nærare 99 prosent av all elektrisitet som vert produsert i Noreg, kjem frå vasskraft.