Ansvarsområde

Det er den som eig vegen som tek kostnaden for anlegg og drift av desse, samt flytting av mastrar.

Vegeigar, som kan vera Statens vegvesen, ein kommune, fylkeskommune, eller private, kan inngå avtale med Skånevik Ølen Kraftlag om drift og vedlikehald. Ikkje alle i vårt område har en slik avtale.

Kva kan me gjera?

Skånevik Ølen Kraftlag og kommunane tek imot og registrerer feilmeldingar på veglysa. Vegeigar avgjer nivået på vedlikehaldet, og kva prioriteringar som skal gjerast når det gjeld utskifting av lampar.

Dersom store område er mørke, t.d. fleire vegar, byggefelt, bygder, rykker me ut snarast etter at feilmelding er motteke. Ved fare for liv og helse, ring vakttelefon straumnett, 537 71 313. Årsaka kan vera berøringsfare eller at ei mast er påkjørt og sperrer vegbanen.

Meld frå om mørke veglys:

Ser du mørke lampar eller andre feil på veglyset der du ferdast? Hugs å notera nummer på stolpe!

Vedlikehaldsperiodar:

  • September og oktober
  • Februar og mars

Meld frå her: Feilmeldingskjema for veglys

eller ring 53 77 13 00.