Bruk sparedusj

Ein sparedusj kan halvera ditt forbruk av varmtvatn til dusjing. Om alle norske husstandar nyttar sparedusj i staden for vanleg dusj, sparar me straum tilsvarande forbruket til 110.000 bustadar i eitt år.

Skift pakningar

Skift pakningar, og la ikkje kranar dryppa eller renna. Lekkasjar er ikkje berre irriterande, dei kan også påføra deg ekstra straumkostnadar.

Fyll vaske- og oppvaskmaskinen

Maskinane nyttar like mykje energi når dei er fulle som halvfulle.

Luft kort og effektivt

Lukk dørene mellom varme og kalde rom. Sløkk lyset og senk temperaturen i ubrukte rom. Nyttar du ikkje rom til dagleg, kan du redusere varmen.

Tett trekken rundt dører og vinduer med tetningslister

Du kan nytte eit brennande stearinlys for å registrera trekk. Montering av tetningslister er eit billeg og effektivt vintertiltak.

Trekk for gardiner og persienner på kveldstid

Dette reduserer varmetap gjennom vindauga, som vanlegvis er den dårlegaste isolerte flata i huset.

Sjekk innstillingar på termostatstyrte varmekjelder

Senk innetemperaturen til cirka 20°C i opphaldsrom. Du sparer ca. fem prosent av oppvarmingskostnadane for kvar grad du senker temperaturen. Ekspertane tilrår frå 18 til 21 grader i opphaldsrom.

Senk temperaturen om natta

Når familien søv, treng ikkje bustaden å vera så varm. Bruk gjerne koplingsur med tidsinnstilling, eller monter termostat med styring.

Bruk sparepærer til utelys og i kalde rom

Om alle bustadar i Noreg bytter ut ei vanleg 60 W sparepære, sparer me straum tilsvarande forbruket til 14.500 bustadar i eitt år. Sparepærer gir lys for halve prisen.

Monter fotoceller eller tidsur på utelys

Då slår lyset seg automatisk på når det skumrer, og av når det lysnar.

Hald kjøleskapet reint

Støv på kjøleribber og kompressor på baksida isolerer og aukar energibruken. Avrim frysar og kjøleskap jamleg.

Bruk rett storleik på kasserollen til kokeplata, og ikkje gløym lokk.


Bruk av-knappen på elektriske apparat som t.d. TV, radio og PC som ikkje er i bruk.