Marknaden fungerer slik at den billigaste krafta vert produsert først. Når forbruket aukar, fases dyrare kraft inn, og marknadsprisen stig.

Dagleg vel den nordiske kraftmarknaden den billigaste måten å forsyne Norden med kraft. Til tider fører det til høg produksjon i Noreg – og av og til i våre naboland.

På kort sikt vert marknadsprisen påverka av forbruksnivå, tilgang på vatn og råvareprisar på gass, olje og kull.  Kva som betyr mest, varierer over tid. På lang sikt vert marknadsprisen påverka av forbruksutviklinga, produksjonsevne og transportkapasitet.

Noreg har eit kraftunderskot som har bygd seg opp over lang tid, og slik ført til auka sannsyn for høge kraftprisar. Problemet har vore mangelfulle rammevilkår for utbygging av ny kraft.

Kraftprisen som kundane betaler er lik marknadspris pluss forteneste til kraftleverandøren, og meirverdiavgift til staten.

Alle kraftkundar kan fritt velja kraftleverandør og type kraftavtale.

Kilde: Energi Norge