Det har lege korta at dei to kraftselskapa blir slått saman, og nå er planane ein realitet. Måndag sa generalforsamlinga i Haugaland Kraft AS ja til å integrera SØK i sitt selskap, og kvelden etter kom tilsvarande vedtak blant SØK-eigarane.

Oppgjeret for Skånevik Ølen Kraftlag vil vera i form av aksjar i Haugaland Kraft AS. Dette inneber at SØK sine ulike forretningsområde og aksjane i SKL blir overført til Haugaland Kraft sine respektive dotterselskap, samtidig som nystifta SØK AS blir aksjonær i Haugaland Kraft AS.

— Integreringa legg til rette for ei samling av to gode naboselskap, og dette vil gi grunnlag for å ta ut varige synergiar og sikra ei meir effektiv drift, uttaler dagleg leiar i Skånevik Ølen Kraftlag, Kristoffer Vannes i ei pressemelding.

Han legg til:

— Dette vil også sikra verdiane som har blitt bygde opp i SØK over lang tid. Me er glade for at me nå kan tilby kundane våre meir konkurransedyktige prisar og produkt bl.a. ved harmonisering av nettleigetariffane.

Partane meiner at samanslåing vil ha ei rekke positive verknader. Blant anna vil det imøtekomma myndigheitskrav til selskapsmessig og funksjonelt skilje som alle kraftselskap må innfri innan 1. juli 2021.

— Forsyningstryggleik og beredskap blir styrka gjennom samanslåinga og arbeidsplasser blir sikra. Alle tilsette i Skånevik Ølen Kraftlag AS vil får Haugaland Kraft som arbeidsgjevar. Ølen vil også bli stad for ei større avdeling med lokal tilhøyre i Haugaland Kraft, heiter det i pressemeldinga.

— Kraftbransjen står ovanfor store strukturelle endringar og behovet for investeringar i nett er store i dei komande år, uttaler konsernsjef i Haugaland Kraft, Olav Linga.

Han seier at dei strukturelle endringane sikrar konkurransedyktige tenester for kundane, samt vekst og utvikling for eigarane.

Integreringa vil bli gjennomført med verknad frå 1. september 2017.

Eigarfordeling

Ny eigarfordeling i Haugaland Kraft AS etter fusjon med Skånevik Ølen Kraftlag AS:

Karmøy kommune 42,73 %

Haugesund Kommune   30,47 %

Tysvær kommune         9,34 %

Vindafjord kommune     6,53 %

Sveio kommune            4,81 %

SØK AS                        4,70 %

Bokn kommune             1,03 %

Utsira kommune            0,39 %