Skånevik Ølen Kraftlag SA        

I samband med Skånevik Ølen Kraftlag SA og Haugaland Kraft AS sin fusjonsprosess ynskjer me å gjennomføra informasjonsmøte med våre eigarar. Møtetidspunktet er kl. 18.00. 

 

Me viser til tidlegare utsendt eigarinformasjonsskriv der me gjorde greie for bakgrunnen for fusjonsprosessen mellom Skånevik Ølen Kraftlag SA og Haugaland Kraft AS. På informasjonsmøta ynskjer me å gi meir utfyllande informasjon og bakgrunn for fusjonsprosessen og svara på spørsmål frå eigarane.   

 

  1. Vikebygd Grendehus, 16.02.2017

  2. Bjoa Skule, 21.02.2017

  3. Ølen Kulturhus, 28.02.2017

  4. Skånevik Fjordhotel, 01.03.2017

  5. Åkrafjordtunet, 02.03.2017

     

     

Det blir enkel servering. Vel møtt!

*************

 

Alle medlemmer / eigarar i SØK kan møte på informasjonsmøta. Dette er:

 

Alle kundar med fast eigedom som er registrerte i Folkeregisteret med bustadadresse i SØK sitt konsesjonsområde; verksemder registrerte i Føretaksregisteret med hovudkontor i SØK sitt konsesjonsområde, eller kommunar i SØK sitt konsesjonsområde som ynskjer å kopla seg til SØK sitt straumnett, er / må vera medlemer av SØK og kan møta på eigarmøtet. Eigarar av fritidshus i SØK sitt konsesjonsområde er ikkje medlemer / eigarar av SØK. Er du i tvil, ta kontakt med oss. 

 

 

SØK sitt konsesjonsområde er Gamle Ølen Kommune i dagens Vindafjord kommune og Gamle Skånevik kommune i dagens Etne kommune.

 

 

Skånevik Ølen Kraftlag SA

 

Kåre L. Berge

styreleiar