Kraftprodukt:

A.   Marknadspris

Kraftprisen blir fastsett kvar månad i samsvar til vår innkjøpspris pluss påslag som for tida er 4,6 øre/kWh + mva. Påslaget er uendra frå 01.01.2017, lovpålagte Elsertifikater utgjer 2,6 øre/kWh

Innkjøpsprisen* vil dekka våre innkjøpskostnadar og vil variera med Nord Pool sin områdepris pr. månad. Fastledd pr. anlegg/ målepunkt er 20 kr/mnd. 

B.   Fastpris

Avtalen gjeld pris på kraft + fastledd 20 kr/mnd. Kraftpris og kontrakt kan ikkje seiast opp eller endrast i avtaleperioden.

Prisane i punkt A og B er utan offentlege avgifter.

For begge kraftprodukta gjeld følgande:

  1. Dersom kunden ved utløp av eksisterande avtale blir ståande utan ny avtale, vil kunden automatisk bli overført til marknadspris + påslag.

  2. Me tar atterhald om endringar i prisen som følgje av endringar i dagens offentlege avgifter eller nye pålegg som blir innført, eller endringar i øvrige rammevilkår for drift av kraftverksemda.

  3. Ved flytting kan kraftavtalen følgja kunden. Dette føresett at kunden flyttar innanfor våre leveringsområde og at kunden i god tid (min 2 veker før) gir melding til Skånevik Ølen Kraftlag om opplysningar på ny stad.

  4. Me held oss retten til å gjennomføra kredittsjekk på våre kundar og eventuelt avvisa/ sei opp eksisterande avtalar på bakgrunn av denne. Me har ikkje økonomisk eller juridisk ansvar dersom ein kunde bestiller straum frå oss og bryter ein bindande avtale med ein annan kraftleverandør.

  5. Ved kontraktinngåing gjelder 14 dagars angrerett etter lov 21.12.2001 nr. 105. De vil bli fakturert for forbruket i angrerettsperioden for medgått forbruk.

  6. Priselementa kan justerast ved tilsendt informasjon på sms,brev eller epost. Endring i elsertifikatkostnaden vil bli varsla på heimesida vår: www.sok.no, Velg Kraft og Kraftvilkår.

  7. Faktura sendes etterskuddsvis kvar månad til hushalds- og hyttekundar, samt industrikundar, og fire gonger pr. år til byggestraumkundar. Fakturaen inneheld nødvendig spesifikasjon ihht gjeldande regelverk. Betalingsvilkår sjå www.sok.no, Velg kraftkjøp og betalingsvilkår

  8. Nettleige til ditt lokale nettselskap kjem i tillegg.

  9. Kraftleverandøren føreheld seg retten til å gjennomfakturera nettleiga saman med fakturering av kraftleveransen. Dette inneberer at nettselskapet sender nettleigefaktura til kunden sin kraftleverandør som vidarefakturerer denne saman med fakturaen for kraftleveransen til kunden

    *  For ikkje timesmålte anlegg vil innkjøpsprisen variera i forhold til ein forbruksveid snittpris av Nord Pool sin områdepris pr. månad med tillegg for andre direkte varekjøpskostnadar. For timesmålte anlegg blir avrekninga gjennomført med timesoppløysing.