Noreg er avhengig av å utveksla kraft med våre naboland, og system med innslag av varmekraft. I periodar med lite tilsig må me importera kraft, medan i periodar med store tilsig eksporterar me.

Utvekslinga av kraft over landegrenser, vert bestemt på grunnlag av tilbod og etterspurnad i dei nordiske landa. I eit år med lite tilsig i det norske vasskraftsystemet kan dei norske produsentane velja å spara på vatnet, for å få best mogleg pris for krafta. Dette føresett at prisen for kraft i dei andre nordiske landa er lågare. Det gir rimelegare import av kraft. Om det derimot er overskot av vatn i dei norske magasina, vil kanskje prisane på norsk kraft vera lågare. Dette fører til norsk eksport. Er det mykje vatn i magasina, må kanskje kraftprodusentane produsera kraft uansett pris i marknaden. Dette gjer ein for å unngå at magasina skal verte for fulle. NVE set reglar for kor mykje og kor lite vatn det er lov å ha i eit kraftmagasin.

Det kan verte norsk krafteksport til tross for lite vatn i magasina. Andre høve som mellombels bortfall av produksjons- eller overføringskapasitet i våre naboland, kan gi norsk eksport sjølv om vassmagasina er låge.

Eit døme på dette var vinteren 2002/2003. I byrjinga av 2003 bidrog kaldt vêr i heile Norden til eit høgt kraftforbruk. Samstundes var det lite vatn i dei nordiske vassmagasina. Berre i dei norske vassmagasina var fyllingsgraden i årets første veke 23,4 prosent under normalt. I Sverige førte det kalde vêret til at ein ikkje klarte å produsera nok kraft når forbruket var som høgast. Prisen på kraft vart faktisk høgare i Sverige enn i Noreg, noko som førte til norsk eksport - trass i at det også i Noreg var underskot på kraft. I løpet av heile 2003 importerte me mykje meir enn me eksporterte. Me hadde ein samla norsk nettoimport på 7,8 TWh frå i hovudsak Sverige og Danmark.

Kilde: NVE