Kvifor elsertifikat?

Noreg og Sverige har inngått ein avtale om å starte ein felles marknad for elsertifikat frå 2012 til 2035.  Dette gjer landa for å fremja utbygginga av til saman 26,4 TWh fornybar energi. Alle nye produsentar av fornybar energi, som vasskraft, vindkraft og bioenergi, kan få selje slike sertifikat.  Elsertifikata vert omsett på ein marknad, og vert ei ekstra inntekt for produsentar av fornybar energi, i tillegg til prisen på kraft. Slik vert utbygging av ny ”grønn” kraft stimulert.

Kven er kjøparar?

Det er kraftomsetningsselskapa som er pålagt å kjøpe elsertifikat på vegne av forbrukarar som betaler forbruksavgift på elektrisk kraft. Dette gjeld alle hushald, unntatt dei som i dag har fritak frå elavgift. Vanlege hushald- og bedriftskundar skal ikkje sjølv kjøpe elsertifikat. Det vert i staden inkludert i kraftprisen, slik at kraftleverandør kjøper elsertifikata.

Myndigheitene har bestemt kor mykje ny kraft med sertifikat kraftleverandørane må kjøpe. Det første året skal tre prosent av omsetninga ha elsertifikat, stigande til 18 prosent i 2020.  Etter dette året kjem ein fallande prosentdel som går mot null i 2035. Når kraftleverandørane fakturerer vidare elsertifikatkostnadene til sine kundar, skal kostnader som følgje av elsertifikatplikta inkluderast i prisen ved fastpris- og variable kontraktar, og i påslaget ved spotpriskontraktar.

Kva kostar det deg?

Prisen på elsertifikat vil variere, ettersom dei vert omsett i ein marknad. Systemet med elsertifikat har fungert i Sverige sidan 2003. Basert på prisanslag derfrå vert det venta at eit normalhushald må betale ca. 0.8-1 øre/kWh i 2012, eller cirka 150-200 kr. pr. år.  Det er likevel vanskeleg å seie kva priskonsekvensane vert på sikt, fordi den auka kraftproduksjonen kan føre til et overskot av elektrisk kraft, noko som igjen kan pressa kraftprisane ned.

SØK har i dag tre kraftprodukt

  • Marknadspris: Kostnadar som følgje av elsertifikatplikta skal inngå i påslaget.
  • Fastpris og variabel kraftpris: Kostnadar som følgje av elsertifikatplikta skal ligge i kraftprisen.

På kunden sin faktura skal det uavhengig av kontrakt visast til NVE si heimeside.