Eigarskap

Skånevik Ølen Kraftlag SA er eit samvirkeføretak der alle kundar med fast eigedom som er registrerte i Folkeregisteret med bustadadresse, verksemder registrerte i Føretaksregisteret med hovudkontor, eller kommunar innan Føretaket sitt konsesjonsområde som ynskjer å kopla seg til vårt straumnett, må vera medlemer av laget. Eigarar av fritidshus er ikkje medlemer av laget.

 

Selskapsstruktur

Skånevik Ølen Kraftlag er eit ålmennyttig samvirkelag med skiftande medlemstal og kapital. Gjennom årsmøtet utøver medlemene den øvste mynde. Berre medlemer har rett til å møta på årsmøtet. Årsmøtet skal mellom anna velja styreleiar, styremedlemer og varamedlemer, velja medlemer til valnemnda og godkjenna rekneskap og årsmelding. Styret leiar laget. Dagleg leiar står for dei daglege gjeremåla.