Du treng ikkje tasta inn KID- og kontonummer manuelt – kun godkjenne betalinga. Kvar gong du mottar ein ny rekning i nettbanken, vil du få eit varsel på e-post.

Du kan sjølv velja å endra beløp og forfallsdato på eFakturaen. Når du har betalt rekninga, er den lagra i nettbanken. Slik har du full oversikt over både betalte og ubetalte rekningar.

Tilgjengeleg i fleire nettbanker

Er du kunde i fleire nettbanker, vil dine eFakturaer vera synlege i alle nettbankane, og du kan velge kva nettbank og konto du ønskjer å betale rekninga frå. Etter betaling arkiveres informasjonen i den nettbanken du nytta til betaling. Kombinerer du eFaktura med AvtaleGiro, vil betalinga automatisk skje frå den banken kor AvtaleGiro vart oppretta.

Fordeler med eFaktura

  • Du slepp å taste KID-nummer
  • Full oversikt over betalte og ubetalte rekningar
  • Betre kontroll ved at du må godkjenne rekninga før beløpet vert trekt frå konto
  • Du kan betala kvar som helst - t.d. når du er på reise
  • Du vert varsla på e-post kvar gong du mottek ei ny rekning

Kom i gang med eFaktura

Du inngår ein avtale om eFaktura med nettbanken din når du skal betale rekningar frå Skånevik Ølen Kraftlag. Du kan inngå avtale på to måtar:

  1. Den enkle metoden: Dei fleste nettbankar er slik at dei vil spør deg om du vil ta imot eFaktura neste gong du betaler ein faktura i nettbanken. Dermed er det berre å seie ja takk neste gong du får spørsmål.
     
  2. Den aktive metoden: Noter ned eFaktura-referansen som står på siste faktura. Logg deg inn i nettbanken, finn fram til eFaktura, og registrer din avtale. I registreringa får du bruk for eFaktura-referansen.