Sluttbrukarmarknaden for kraft er nasjonal, der kundane sjølv kan velja leverandør av kraft. Det lokale nettselskapet skal overføra krafta, uansett kva kraftleverandør forbrukaren vel.

Ein viktig føresetnad for ein fri kraftmarknad, er at overføringsnettet stilles til disposisjon for alle brukarar på eit ”likt-for-alle” vilkår. Dette tyder at alle ”like kundar” skal handsamast likt. Uansett kva kraftleverandør ein vel, skal det ikkje ha innverknad på nettleiga.

Eit av måla med ein fri kraftmarknad, er å gjera prisen på kraft så lik som mogleg for samanliknbare forbrukargrupper - samt å redusera diskriminering mellom ulike kundar. Dessutan er målet at produksjon og distribusjon av elektrisitet skal drivast mest mogleg effektivt. NVE sine oppgåver er å sørgja for at aktørane i kraftmarknaden opererer i samsvar med dei lovane og forskriftene som gjeld.

Kilde: NVE