På fakturaen er det ein betalingsfrist som normalt er 14 dagar. Etter betalingsfristen sitt utløp, vert det rekna renter etter gjeldande forseinkingsrentesats. Ved eventuell purring vert det rekna gebyr i samsvar med inkassolova sine gjeldande satsar.

Dersom faktura ikkje vert betalt innan betalingsfristen, vert fordringa sendt over til vårt inkassoselskap for vidare oppfølging. Dette medfører inndrivingskostnadar.

Me vil sende melding om stopp av breibandleveranse, etter at lovpålagte purringar er utført.

For dekking av kostnadar i samband med opning av eit abonnement som er stengt grunna misleghaldt betaling, vert kunden belasta med eit tilkoplingsgebyr på kr. 500,- eks. mva. Det føresett at opning finn stad i normal arbeidstid.

Ved stenging må som regel all gjeld betalast før anlegget vert opna att.