Denne avtalen inneber at banken sørgjer for at rekningane går som trekk frå din konto på forfallsdato. Du har full oversikt og kontroll over rekningane dine, sjølv om trekka vert handsama av banken.

Før forfall mottek du varsel om komande trekk. Varselet viser spesifisert beløp og dato for betaling. Du kan enkelt stoppa betalinga i nettbanken, eller ved å kontakte banken.

På forfall belastar banken kontoen din, og overfører beløpet til oss.

Etter forfall kan du kontrollere at rekninga er betalt. Kontoutskrifta gjeld som kvittering for betalte rekningar.

Kom i gang med AvtaleGiro

  1. Når du betalar ei rekning til oss, vil du i dei fleste nettbankar få spørsmål om du ønskjer å opprette avtale om AvtaleGiro. Ved å akseptere tilbodet, vert avtalen oppretta. Du får melding når avtalen vert aktivert, og må betale rekning tilsendt i posten som normalt fram til det.
     
  2. Kontakt kundeservice i din bank, eller gå innom næraste kontor, for å oppretta ein avtale.

eFaktura kombinert med AvtaleGiro:

Du kan velje å få din eFaktura automatisk betalt på forfallsdato ved å kombinere eFaktura med AvtaleGiro. eFakturaen, med fakturadetaljar, kjem direkte inn i nettbanken din, og vert lagra der. Skilnaden er at du slepp å godkjenne betalinga for at pengane skal trekkast på konto. Du har full kontroll over rekningane, og finn enkelt att betalte rekningar i arkivet.